onsdag 24. oktober 2012

Lys i mørket!

Eg har altfor lenge hatt ein mørk krok i stova, dessverre akkurat i det hjørnet av sofaen eg likar best å sitja med blad eller bok..og har hatt lampe og hylla liggande ei stund no. Og spurt fint karane rundt meg om ikkje dei kan skru litt for meg. Det har teke litt tid...so tenkte eg at dette klarar eg jo eigentleg heilt fint sjøl! (Er jo relativt handy, og klarte meg fint i eige hus før eg fekk kjærast...er vel noko med at det er so kjekt når karane gjer karslege ting..:) )
Men opp på veggen kom ho altso, bildelista frå IKEA:)
Skrudd opp med mi rosasløyfeaksjonen-skrumaskin:) Lista er nett stor nok til å husa to små-jackar eg fekk i gåve nyleg, litt rosa tråd, min gamle strikkakatt frå barndommen, eit herleg bilde veslebroren min teikna då han var liten (det er meg på motorsykkelen min, med håret rett ut!) og ein finfin oransje Luxo-lampe eg var så heldig å arva etter svigermorfar! :)

Beklager, dårleg mobilbilde..:/
Denne fantastiske teikninga har desverre trekt til seg litt te eller cola som vart sølt under bilderamma,
men det er så kult at eg ikkje kan la vera å ha det framme :)

torsdag 18. oktober 2012

Haust..

..og litt travelt = lite bloggprioritet..
Men har no fått kledd på hagen litt då, da trengs kanskje når temperaturen ligg på +/- null ? :)
Fin kveld til DEG! :)



fredag 5. oktober 2012

More mess(e)..

Ok, litt tørr tittel...men fredagshumoren i ei gjennomsnittleg vestlandsk industribedrift ligg omtrent på det nivået, og vert berre drøyare og drøyare etter nærmare ein kjem helga..
Det skal ikkje eg verta, eg vil berre slenga ut nokre fleire bilde frå messa som vart sist helg (wow, det er helg igjen!)

Og kva har eg nytta fredagen til så langt? Eg har malt utedøra mi lilla. Iført kjole. Og støvlettar.
Vart so ivrig veittu:) Bilder kjem snart..!
I mellomtida kjem det som nemnt messebilder- GOD HELG :)


Dette er "right up my alley" sidan eg er platearbeidar og konstruktør :)
Nye, unge designarar som eg skal halda auga med!

Nydelege "Skog" av ny, flink designar: Caroline Olsson

"Turn" frå Caroline Olsson




Frå Teppesenteret






Autograf og teikning frå Einaren, i "Tid for hjem" :)

Kjøpte meg nesten drill....veldig lyst på...står på julegåveønskjelista mi (i år igjen!!)


Fin fredag til deg :)

onsdag 3. oktober 2012

Messa frå Pippiperspektiv :)

Som så mange andre bloggarar skriv etter helga; no har eg landa litt etter den o´store interiør & boligmessa i Grieghallen:)
Dvs, eg va vel godt nede på jorda søndagsmorgon etter ein laaang laurdag, men litt for travel til å skriva blogginnlegg sånn umiddelbart..;)



Eg var innom messa eit par timar fredag etter jobb, for å "orientera meg litt"- det var mykje å sjå på!
Når eg ser blogginnlegg frå andre messegjengarar ser eg innimellom nokre bilde der eg tenkjer: hæ? kor var dette?
Så all ære til arrangørar for å ha hanka inn mange og varierte utstillarar!

Bloggfrukosten laurdag var eg litt nervøs for, som nevnt i forrige innlegg, men det gjekk ganske bra;)
Havna på same bord som fine Monica frå Mollys Bubble med sin kule sidekick Lisa, og det var jamen meg ei Monica på andre sida óg (Monicas Hus). Pluss eitpar andre som eg ikkje hugsar namnet på no (unnskyld! legg gjerne igjen eit spor her så finn eg deg:) )
Champis til frukost klokka 10 er ikkje daglegdags, men det var liksom ikkje heilt feil heller..;)
Eg vart litt "starstruck" grunna velkjente, flinke bloggarar (litt fjortis av meg ja..) så eg var ikkje knallhard på gårundtoghelsapåfolk, men det kjem seg nok til neste år...
Alle fekk med seg ein super goodiebag; med gåver frå Olivers&Co, Solstrand Interiør, Georg Jensen, Kremmerhuset, Elle Decoration, Therese Sennerholt, Godt Brød og Rosendal Turisthotell - tusen takk!

Etter ein myse-runde, speedstyling, ein triveleg prat med Einar´en frå "Tid for hjem", champagnelunsj med venninner, intimkonsert med Anne Hvidsten og div foredrag/sofapratar frå lanseringsscena var det tid for kjapt antrekksbyte og avgårde på tapasmiddag med 80 (!) bloggdamer på Zupperia.
Høg kaklefaktor, skååååling og prat! For meg som har jobba i industrien frå eg var 16år, med stort sett mannfolk, vart det nesten for mykje av det gode, hehe:) Men kos då!

Søndag var eg også på messa, som nevnt litt meir nedpå grunna laaang laurdag (som varte til søndag).
Eg var interiørkonsulent for ein kamerat som har bedt om hjelp til å fresha opp kåken litt som han seier..litt handel vart det, på oss begge, og mykje god inspirasjon.

Aldeles strålande helg alt-i-alt, med mange inntrykk og stort sett berre smil å sjå rundtom!
Gledar meg til neste år allereie (og då skal eg vera meir frampå i bloggdameforsamlinga....trur eg...)



Mollys Bubble sitt bidrag i speedstylingfinalen!




Ikkje eit veldig bra bilde, men denne utsikten MÅTTE jo forevigast:) Absence laga liv&røre under bloggfrukosten:)
(Sjå dei ivrige damene i bakgrunnen, tihii!)

 Takk for ei strålande helg !


mandag 24. september 2012

Gledar meg!!


Eg gledar meg sånn til Interiør & Boligmessa i Grieghallen (Bergen:) ) til helga!!
Eg har vore litt frampå og gått ut over ein høg jantelov-dørterskel og meldt meg på både bloggfrukost og middag-/kveldsarrangement med masse bloggdamer...spennande og skummelt...men det endar heilt sikkert bra:)


Eit spennande program er det iallefall, både for bloggarar og andre!



Om du les dette og skal på bloggarrangementet; ta godt i mot meg:)

tirsdag 18. september 2012

Nummerert!

Nymalt vegg = nytt nummerskilt :)
No skal det seiast at skiltet var på plass før malingsspanna, det har lege i gongen i påvente av å koma opp på veggen.....tek litt tid av og til ja...
Sidan det er så kort å greitt å bu i nr 5, og ikkje i tohundreogtrettiåtte, synest eg bokstavering (?) var ein morsom måte å gjera det på:)
Og ja, eg har laga det sjølv:)
Grådig fint å ha tilgang til laserskjærar...!



Eit par standhaftige stemorsblomster nektar å gje slepp på sommaren :)



Har du nummerskilt på huset ditt? Kjøpt eller heimelaga?
Fin kveld til deg :)

mandag 17. september 2012

Måndagsgodt!

Ein snartur på butikken for å kjøpa middagsmat...og eit kikk i bladhylla...:)
Hadde allereie fått eit tips om at eit nytt blad prøver å koma seg inn i interiør/diy-gjengen....så det fekk vera med meg heim på gjennomsyn - Kamille Idéer ! Og KK Living som eg synest har så fresh layout:)
Får berre bladd litt gjennom før eg går på handballtrening, men då varer jo måndagsgodtet litt lenger:)



Har du fast lesestoff? Abonnerar du på noko blad?

fredag 14. september 2012

Lyst å vinna fine retrotapetar?

Eller nydelege retrostoff?
Då må du klikka deg inn på den fiiine bloggen "Sukkertøy for øyet";
link direkte til gje-vekk inlegget hennar finn du her :)
Ein meget inspirerande blogg som eg ofte er innom for å få eit retrokick og eit smil:)


Finfin premie! :)


Fin helg til deg i ruskevêret!

fredag 7. september 2012

Ikkje berre grått og trist!



Det kjennest i alle fall sånn ut når eg kjem inn på tunet og ser det nymala huset mitt:)
Som eg skreiv om i dette innlegget så har eg, nei storebror me mala huset i sommar...ein lang prosess!
Men eg er jamen meg nøgd med resultatet :) :)
(Sjå vekk frå malingsspann under verandaen, framleis umalt skykkja (vedskjul på byspråk) og manglande utelampar..)
Spesielt når eg sto i hagen for å ta bilde frå same vinkelen som prospektfotografen gjorde før eg kjøpte huset for 6,5 år sidan!
Synest det vart fint som raudt óg (eg kjøpte det jo..), men det var på høg tid med ny, fresh maling.
Eg vingla litt fram og tilbake angåande fargen...raudt eller grått....
Eg vingla heilt tildess eg sto på Byggeriet, med ei langhelgvermelding som sa strålande sol i ei hand og lønnslippen i den andre handa og ba fint om å få byta den (lønninga altså) i nokre spann grå maling og ein kost eller to.
Angrar ikkje!

Sjå berre forskjellen her (den dårlege bildekvaliteten skuldast bilde-av-eit-bilde...beklager!!) :

Og om du synest at utedøra på etter-biletet ser litt....rar...ut, så er det fordi eg er litt ubestemt på fargen. Det vil sei, eg fekk ein strålande idé, men fargehandelen kunne ikkje finna den rette fargen for meg.
Så eg held no på å vurdera to alternative fargar..oppdatering kjem i eige innlegg
(for dette begynner å verta litt langt no...)
:)


Kva synest du ??

God fredagskveld til deg:)

tirsdag 4. september 2012

Ønskjer meg...

...Bowl Sofabord frå Bolia



Eg og Hr.Nilson (Finasen) var innom Bolia tidlegare i sommar og eg forelska meg litt i dette snasne sofabordet. Det hadde gjort seg i stova mi...trur eg:)
Me var faktisk innom på Bolia i København og, og eg forelska meg jamen meg der og...den skatten vart med meg heim, dukkar opp i eit innlegg snart;)
Men sjå på dette flotte bordet då...*likar*

Fins i fleire fargekombinasjonar


Eg har aldri vore spesielt oppteken av designmøblar eller å kjøpa nytt- eg har funne dei fleste av mine skattar på Fretex og Brukt´n...men ein liten forelskelse er vel lov?? Og det skal nokre kroner på sparebøssa før eg går ut av Bolia med kvittering på kjøp av Bowl..men fint å drøyma i haustruskevêret:)


Bileta er lånt frå Bolia




torsdag 30. august 2012

3,5"





Gjenbruk er fint. Og som nemnt i forrige innlegg; eg likar å bruka ting på nye måtar.
Ein pakke med gamle diskettar gjer nytten som "coasters" :)











onsdag 29. august 2012

I postkassa...igjen:)


Ny pakke i posten :)
Eg fann plutselig ut at viss eg skal få trivelege ting i posten, må eg kanskje gjera noko aktivt sjølv.
(Utenom når eg får kjekke postkort- tusen takk til dei som sender postkort:) )
Foreksempel må eg kjøpa noko på nettet...åneeeiii så dumt...:)
Eg er ikkje noko storhandlar på nettet, eg er av den typen som ser med hendene...om du skjønar..
kjenna på ting.
Men for ei lita stund sidan klikka eg heim ei finfin fjøl som eg har myst på og ønskt meg lenge,
buttonboard frå snug. :)
Eg har sansen for ting som vert brukt på ein ny måte (ikkje overraskande kanskje, det seier vel alle interiørbloggarar..!), så denne fall absolutt i smak.



Ny dille: matt keramikk og bart tre:)
Gamal dille: boblebilar:)




Får du noko spennande i postkassen din?

søndag 26. august 2012

Nr. 9

Etter å ha lese mange blogginnlegg om den fine butikken Nr. 9 i Sandefjord,
har eg endeleg vore der sjølv:)
Sommarens roadtrip til København hadde pit-stop planlagt i bl.a. Sandefjord og Tønsberg-
fordi eg skulle "nett innom ein butikk"...
Etter ein fantastisk god lunsj i koselege Bakgården, gjekk eg innom Nr. 9 medan Finasen
gjekk for å "passa på parkometeret"...lurt ;)
Butikkeigar Sylvi var kjempetriveleg og me småprata om dei fine nye og gamle tinga i butikken, loppemarked, København og litt om blogging. Då var framleis denne bloggen på tenkestadiet, men om du skulle slumpa til å lesa dette Sylvi: takk for ein hyggeleg handel:)
Ja, eg gjekk ikkje tomhendt derifrå- kunne meir enn gjerne hatt fleire posar med meg ut døra- men eg klarte å moderera meg litt..



Ei arkivmappe frå Hay i den finaste neon-oransje fargen (eg har ein svakhet for "kontorrekvisita..")
S-krokar i herleg turkis. Hylla som "høyrer til" vart ikkje med meg, har planar om å laga til noko lurt sjølv..
Svarte q-tips...berre fordi :)
Eit gamalt Å-stempel...sjeldan eg finn trykksaker med "min" bokstav, så den måtte verta min!
Sjå kor slank og fin:)

Og i siste runde (ja, eg gjekk mange rundar!) fekk eit Isak-brett med sprekt mønster
snika seg opp i posen min.
Litt materialistisk lykke der- rett inn!

Har du handla noko spennande i sommar? 


lørdag 18. august 2012

I postkassen...


I postkassen i går var det ein liten konvolutt til meg....med eit nydeleg putetrekk oppi:))
Eg har vore å myst i bloggshopen til fine Trine med bloggen Høytrykk, og forelska meg i eit heimelaga putetrekk laga av gjenbrukt, vintage blomsterstoff!
Blått på framsida og lilla på baksida- sjølv om eg synest begge sidene er så fine at dei skal få veksla litt på å vera fram og bak:)
God kvalitet med biséband og glidelåslukking og heile greia, fiin :)


T.v. putetrekk frå Høytrykk-Trine, Bil/Buss-trekk og skiløpar frå Kremmerhuset


Sjå kor fint det passa til den nye POP-handsfreen min!?! :)
Eg snappa opp eit lilla telefonrør på salg på Staples, mykje koselegare å prata i mobilen no:)
Men det er vel heller dårleg egna til bilkjøring og til å prata i når eg har mine rydda-huset-ta-oppvasken-og-henga-opp-kle-samtidig-som-eg-snakkar-i-mobil-påfunn.
Hvilket er dei fleste gongane eg snakkar i mobil, når eg tenkjer meg om...eg røyser meg heilt automatisk og begynnar å svirra rundt i huset...får no rydda litt i det minste;)
Og dei gongane eg faktisk sitt i ro og snakkar er denne i bruk.
Og når eg ikkje snakkar så er den fiiin å sjå på :)

søndag 12. august 2012

Kjøkkenpastellar

Idag var eg på besøk hjå grandtanta mi, ei sprek, humørfylt og fantastisk reservebestemor for meg og mange andre. Eg har vore her utallige gongar frå eg var lita, men dei siste åra har eg verkeleg fått augo opp for dei nydelege fargane på kjøkkenet hennar:) Sjå berre på veggflisane! Og dei små detaljane overalt:) (eg anar kor samlemanien min kan koma frå..)
Beklagar dårleg biletekvalitet- det vart ein mobilpost denne gongen og, grunna helgearbeid høgt til fjells, utan breiband..
Ha ein fin kveld :)

torsdag 9. august 2012

Eg e ein fan!

Eg e ein fan av lysslynger:) IKEA har mange fine med solcellepanel; miljøvennlig og veldig fint:) skikkeli godstemning:)
Kort post idag, frå mobil og dermed med eit dårleg mobilbilde av mi nye lysslynge- godt planta i jordbærpotta:)
Og HEIA NORGE, me er i OL-handballfinalen:))

tirsdag 7. august 2012

Ikkje mykje til malevêr...



Sommarens store prosjekt er å mala huset utvendig. Det er jamen ikkje lett når ein bur 15 minutt frå Vestlandets hovudstad, og det har vore ein av dei kaldaste og våtaste somrane på lang tid...
Det har teke tid, men det nærmar seg då ferdig:)
Med mykje god hjelp frå storebror med malarpensel og hammar, samt nye takrenner montert av Finasen har det då vore overkommeleg likevel.
Pepperkakehuset har fått ny farge; det har gått frå matt vestlandsraud med kvit-beige lister til herleg mørk grå med knasande kvite lister! Det er nesten som om eg har fått nytt hus :)
Så om det no hadde halde seg opplett etter at eg er ferdig på jobb, sånn at eg kunne få ferdig dei siste "småtinga", få ned stillasen og faktisk nyta utsida av huset litt før vinteren kjem...hadde eg vorte glad :)
Før- og etter bilder kjem snart..:)


Ha ein fin kveld :)

lørdag 4. august 2012

For eit påfunn...



...sa mamma når eg sa kva eg hadde tenkt å gjera med den gamle kjøkkendøra mi.
Den reiv eg av hengslene for lenge sidan (ikkje heilt bokstaveleg sjølvsagt, sjølv om eg er sterk..) fordi det vart så grueleg kronglete å gå frå stova til kjøkkenet. Eller kronglete og kronglete fru Blomquist, det var no forsovidt berre å opna døra og gå inn, men ho sto som regel open og då såg eg ikkje heilt poenget i at ho skulle henga der og ingenting fornuftig gjera. Så eg tok ho som sagt vekk, og hadde ho ståande oppetter veggen i gongen på bakrommet ei stund, fordi eg skulla laga meg nokre fine føt til ho.
(Føt=føtter på byspråk forresten.)
Det tok jo litt tid, som eg var inne på i forrige innlegg. Hadde tenkt å laga dei sjølve, sidan eg jobbar i industrien og har høve til denslags. (Men har jo ikkje kome så langt. Endå.)
Den midlertidige løysinga vart ein tur på IKEA i fjor haust, der eg raska med meg eit par særs rimelege, Hay-inspirerte, pulverlakkerte føt(ter).
Dør+føt+skrumaskin = nytt spisebord.
Dørspeglane ("pynterutene" på døra) dekka eg med ein bit pleksiglas og to galvaniserte stålplater med laserskåren hovudskalle (min eigen design!) for å få ei jamnhøg bordplate. Stålplata fungerar óg som bordskånar for heite middagsgryter.
Enkelt og greit og mykje skryt å få:) Til og med frå mamma.
Og med fine, gamle skulestolar frå Brukt´n vart det riktig bra tykkjer eg:)
Kva synest du?

Nytt liv for gamal kjøkkendør :)
Spraymalt lysestake og blomsterpotte laga av hermetikkboks+fint Blafre-papir