tirsdag 19. februar 2013

Shit happens...

Går no visst uendeleg lang tid mellom innlegga her...travel med jobb, handball, reparera ting som dett/frys sundt i huset, litt på privaten, og så skulle eg finna nokre bilde til ein bloggpost eg hadde planlagt inni håve mitt- men fann eg dei? Nei. Kunne sjølvsagt skriva om noko anna, men hadde så lyst å visa den lilla utedøra mi, som eg malte i haust, no når Fargerike så fint har proklamert lilla som årets farge. Det har vore så mørkt og surt og kaldt her i Bergen den siste tida og, så det vart liksom ikkje til noko ny fotoseanse heller. Oh well, eg får koma tilbake til det lilla.

Her er berre eit "hei" frå meg, med eit par mobile snapshots av hurtigdekoreringa eg gjorde i går kveld. Er veldig glad i Poul Pava sine naive strekar, og har lyst på eit gigantisk lerret på veggen min. Det kostar gaaanske mykje meir enn eg vil spandera nett no, so då får eg nøya meg med postkort. Washi-stylinga utanpå ramma kjem av at kortet var 16x16cm og ramma 15,5x15,5cm...
Kalendar lyt ein ha, denne er ein enkel freebie frå nettet, kan finna lenkje om nokon er interesserte:)
Og, som tittelen seier: shit happens. Print frå Terese Sennerholt klistra opp på spegelen på badet...i tilfelle eg skulle gløyma det liksom..;)

Slenger på eit par bilde til slutt frå min arbeidsdag; hydraulikkskjematikk, Reynolds tall og å tusla på verkstaden i gulsvarte vernesko:)

Ha ein fin dag då du:)