onsdag 29. august 2012

I postkassa...igjen:)


Ny pakke i posten :)
Eg fann plutselig ut at viss eg skal få trivelege ting i posten, må eg kanskje gjera noko aktivt sjølv.
(Utenom når eg får kjekke postkort- tusen takk til dei som sender postkort:) )
Foreksempel må eg kjøpa noko på nettet...åneeeiii så dumt...:)
Eg er ikkje noko storhandlar på nettet, eg er av den typen som ser med hendene...om du skjønar..
kjenna på ting.
Men for ei lita stund sidan klikka eg heim ei finfin fjøl som eg har myst på og ønskt meg lenge,
buttonboard frå snug. :)
Eg har sansen for ting som vert brukt på ein ny måte (ikkje overraskande kanskje, det seier vel alle interiørbloggarar..!), så denne fall absolutt i smak.



Ny dille: matt keramikk og bart tre:)
Gamal dille: boblebilar:)




Får du noko spennande i postkassen din?

2 kommentarer:

  1. Hvor har du købt robotten?!
    God dag fra Danmark til dig :)
    Tina

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Tina!
      Så hyggelig med lesar og kommentar frå Danmark:)
      Roboten er kjøpt på Bolia, er den ikkje fin?:)
      Den fins i fleire størrelsar, mamma- pappa- og minirobot!
      Fin dag til deg og:)

      Slett