tirsdag 15. januar 2013

Pippi e på plass igjen..!





Godt nytt år folkens :)
Neidå, eg hadde ikkje slutta å blogga...ei heller hatt ein lang pause fordi eg var blogglei (har jo nettopp begynt...). Sidan sist innlegg har det rett og slett vore ein megastor case of "real life happened", som har gjort at eg ikkje har vore på bloggekjøret.. :)
Som nokon av dekå eg pratte med på O´store Interiør&Boligmessa i Bergen i haust fekk med dekå, hadde eg akkurat den helga sagt opp jobben min og takka ja til ein ny!
Deretter vart det ein hektisk månad i oppseiingstida mi for å få unnagjort alle prosjekt eg held på med.
Neste på agendaen var ein nokså impulsiv tur til Hawaii! :) Dvs, fri/ferie var planlagt "in between jobs", men at det vart Hawaii var litt impulsivt...og absolutt ein fantastisk tur- godt påfunn!
25grader døgnet rundt, herlege palmar, hotell i strandkanten, hyggelege folk og generelt årntli hang loose stemning, heeeerlig :) Honolulu og området rundt kan absolutt anbefalast :)
Såh, når den turen var vel unnagjort, i midten av november, var det tid for å begynna i ny jobb som teknisk ingeniør for eit firma som leverar pneumatiske og hydrauliske løysingar til offshore/subsea sektoren (puh!). Kjempespennande og absolutt eit steg opp for meg jobbmessig:)
Mykje nytt å setja seg inn i, så der rauk liksom resten av tida før juleferien...
Og no er me godt innpå januarkalenderarket...på tide å koma ut av bobla...eller koma seg inn igjen i bobla eventuelt? :)

Begynner rolig med eit par koselege stemningsbilder frå eine stova...no når det er hundreogørten minusgrader ute er det særs triveleg å sitja framfor ovnen, fyra opp godt med varme og lena seg godt tilbake i bestefar sin gamle godstol....:)
Vedkorga er eigentleg eit trancherbord (meint på kjøkkenet kanskje..) frå IKEA, som eg faktisk MÅTTE ha når eg såg det i ei reklamelefse. Reiste faktisk eins ærend i ein lunsjpause i haust (før eg bytta jobb, var det kun 5minutts kjøring) for å sikra meg eit eksemplar, hehe..!
Det er ikkje spesielt ofte eg berre MÅ ha noko, men her såg eg sjarm og potensiale sporenstreks. Fungerar utmerka godt som vedkorg, der eg har plass til alt eg treng.
Og eg har sjølvsagt i beste blogg-DIY-ånd pynta på vedbrikettboksen, den har fått fine polkadottar:)














Og heilt til slutt, eit drøymemegtilbaketilHawaiibilde, teke frå verandaen på hotellrommet *sukk*



Ha ein fin dag i kulda:)