fredag 7. september 2012

Ikkje berre grått og trist!



Det kjennest i alle fall sånn ut når eg kjem inn på tunet og ser det nymala huset mitt:)
Som eg skreiv om i dette innlegget så har eg, nei storebror me mala huset i sommar...ein lang prosess!
Men eg er jamen meg nøgd med resultatet :) :)
(Sjå vekk frå malingsspann under verandaen, framleis umalt skykkja (vedskjul på byspråk) og manglande utelampar..)
Spesielt når eg sto i hagen for å ta bilde frå same vinkelen som prospektfotografen gjorde før eg kjøpte huset for 6,5 år sidan!
Synest det vart fint som raudt óg (eg kjøpte det jo..), men det var på høg tid med ny, fresh maling.
Eg vingla litt fram og tilbake angåande fargen...raudt eller grått....
Eg vingla heilt tildess eg sto på Byggeriet, med ei langhelgvermelding som sa strålande sol i ei hand og lønnslippen i den andre handa og ba fint om å få byta den (lønninga altså) i nokre spann grå maling og ein kost eller to.
Angrar ikkje!

Sjå berre forskjellen her (den dårlege bildekvaliteten skuldast bilde-av-eit-bilde...beklager!!) :

Og om du synest at utedøra på etter-biletet ser litt....rar...ut, så er det fordi eg er litt ubestemt på fargen. Det vil sei, eg fekk ein strålande idé, men fargehandelen kunne ikkje finna den rette fargen for meg.
Så eg held no på å vurdera to alternative fargar..oppdatering kjem i eige innlegg
(for dette begynner å verta litt langt no...)
:)


Kva synest du ??

God fredagskveld til deg:)

2 kommentarer:

  1. Likte gråfargen.
    Vi har også rødt hus. Mannen liker fargen, men jeg vil bytte. Begge fargene på døren var kule.

    Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Kristin:)
      Du får snika deg til å mala litt grått på ein vegg og sjå kva mannen synest ;)
      Eg og synest begge dørfargane er kule, det kjem litt an på dagsforma eigentleg! Vanskelege valg:P

      Slett