torsdag 30. august 2012

3,5"





Gjenbruk er fint. Og som nemnt i forrige innlegg; eg likar å bruka ting på nye måtar.
Ein pakke med gamle diskettar gjer nytten som "coasters" :)











onsdag 29. august 2012

I postkassa...igjen:)


Ny pakke i posten :)
Eg fann plutselig ut at viss eg skal få trivelege ting i posten, må eg kanskje gjera noko aktivt sjølv.
(Utenom når eg får kjekke postkort- tusen takk til dei som sender postkort:) )
Foreksempel må eg kjøpa noko på nettet...åneeeiii så dumt...:)
Eg er ikkje noko storhandlar på nettet, eg er av den typen som ser med hendene...om du skjønar..
kjenna på ting.
Men for ei lita stund sidan klikka eg heim ei finfin fjøl som eg har myst på og ønskt meg lenge,
buttonboard frå snug. :)
Eg har sansen for ting som vert brukt på ein ny måte (ikkje overraskande kanskje, det seier vel alle interiørbloggarar..!), så denne fall absolutt i smak.



Ny dille: matt keramikk og bart tre:)
Gamal dille: boblebilar:)




Får du noko spennande i postkassen din?

søndag 26. august 2012

Nr. 9

Etter å ha lese mange blogginnlegg om den fine butikken Nr. 9 i Sandefjord,
har eg endeleg vore der sjølv:)
Sommarens roadtrip til København hadde pit-stop planlagt i bl.a. Sandefjord og Tønsberg-
fordi eg skulle "nett innom ein butikk"...
Etter ein fantastisk god lunsj i koselege Bakgården, gjekk eg innom Nr. 9 medan Finasen
gjekk for å "passa på parkometeret"...lurt ;)
Butikkeigar Sylvi var kjempetriveleg og me småprata om dei fine nye og gamle tinga i butikken, loppemarked, København og litt om blogging. Då var framleis denne bloggen på tenkestadiet, men om du skulle slumpa til å lesa dette Sylvi: takk for ein hyggeleg handel:)
Ja, eg gjekk ikkje tomhendt derifrå- kunne meir enn gjerne hatt fleire posar med meg ut døra- men eg klarte å moderera meg litt..



Ei arkivmappe frå Hay i den finaste neon-oransje fargen (eg har ein svakhet for "kontorrekvisita..")
S-krokar i herleg turkis. Hylla som "høyrer til" vart ikkje med meg, har planar om å laga til noko lurt sjølv..
Svarte q-tips...berre fordi :)
Eit gamalt Å-stempel...sjeldan eg finn trykksaker med "min" bokstav, så den måtte verta min!
Sjå kor slank og fin:)

Og i siste runde (ja, eg gjekk mange rundar!) fekk eit Isak-brett med sprekt mønster
snika seg opp i posen min.
Litt materialistisk lykke der- rett inn!

Har du handla noko spennande i sommar? 


lørdag 18. august 2012

I postkassen...


I postkassen i går var det ein liten konvolutt til meg....med eit nydeleg putetrekk oppi:))
Eg har vore å myst i bloggshopen til fine Trine med bloggen Høytrykk, og forelska meg i eit heimelaga putetrekk laga av gjenbrukt, vintage blomsterstoff!
Blått på framsida og lilla på baksida- sjølv om eg synest begge sidene er så fine at dei skal få veksla litt på å vera fram og bak:)
God kvalitet med biséband og glidelåslukking og heile greia, fiin :)


T.v. putetrekk frå Høytrykk-Trine, Bil/Buss-trekk og skiløpar frå Kremmerhuset


Sjå kor fint det passa til den nye POP-handsfreen min!?! :)
Eg snappa opp eit lilla telefonrør på salg på Staples, mykje koselegare å prata i mobilen no:)
Men det er vel heller dårleg egna til bilkjøring og til å prata i når eg har mine rydda-huset-ta-oppvasken-og-henga-opp-kle-samtidig-som-eg-snakkar-i-mobil-påfunn.
Hvilket er dei fleste gongane eg snakkar i mobil, når eg tenkjer meg om...eg røyser meg heilt automatisk og begynnar å svirra rundt i huset...får no rydda litt i det minste;)
Og dei gongane eg faktisk sitt i ro og snakkar er denne i bruk.
Og når eg ikkje snakkar så er den fiiin å sjå på :)

søndag 12. august 2012

Kjøkkenpastellar

Idag var eg på besøk hjå grandtanta mi, ei sprek, humørfylt og fantastisk reservebestemor for meg og mange andre. Eg har vore her utallige gongar frå eg var lita, men dei siste åra har eg verkeleg fått augo opp for dei nydelege fargane på kjøkkenet hennar:) Sjå berre på veggflisane! Og dei små detaljane overalt:) (eg anar kor samlemanien min kan koma frå..)
Beklagar dårleg biletekvalitet- det vart ein mobilpost denne gongen og, grunna helgearbeid høgt til fjells, utan breiband..
Ha ein fin kveld :)

torsdag 9. august 2012

Eg e ein fan!

Eg e ein fan av lysslynger:) IKEA har mange fine med solcellepanel; miljøvennlig og veldig fint:) skikkeli godstemning:)
Kort post idag, frå mobil og dermed med eit dårleg mobilbilde av mi nye lysslynge- godt planta i jordbærpotta:)
Og HEIA NORGE, me er i OL-handballfinalen:))

tirsdag 7. august 2012

Ikkje mykje til malevêr...



Sommarens store prosjekt er å mala huset utvendig. Det er jamen ikkje lett når ein bur 15 minutt frå Vestlandets hovudstad, og det har vore ein av dei kaldaste og våtaste somrane på lang tid...
Det har teke tid, men det nærmar seg då ferdig:)
Med mykje god hjelp frå storebror med malarpensel og hammar, samt nye takrenner montert av Finasen har det då vore overkommeleg likevel.
Pepperkakehuset har fått ny farge; det har gått frå matt vestlandsraud med kvit-beige lister til herleg mørk grå med knasande kvite lister! Det er nesten som om eg har fått nytt hus :)
Så om det no hadde halde seg opplett etter at eg er ferdig på jobb, sånn at eg kunne få ferdig dei siste "småtinga", få ned stillasen og faktisk nyta utsida av huset litt før vinteren kjem...hadde eg vorte glad :)
Før- og etter bilder kjem snart..:)


Ha ein fin kveld :)

lørdag 4. august 2012

For eit påfunn...



...sa mamma når eg sa kva eg hadde tenkt å gjera med den gamle kjøkkendøra mi.
Den reiv eg av hengslene for lenge sidan (ikkje heilt bokstaveleg sjølvsagt, sjølv om eg er sterk..) fordi det vart så grueleg kronglete å gå frå stova til kjøkkenet. Eller kronglete og kronglete fru Blomquist, det var no forsovidt berre å opna døra og gå inn, men ho sto som regel open og då såg eg ikkje heilt poenget i at ho skulle henga der og ingenting fornuftig gjera. Så eg tok ho som sagt vekk, og hadde ho ståande oppetter veggen i gongen på bakrommet ei stund, fordi eg skulla laga meg nokre fine føt til ho.
(Føt=føtter på byspråk forresten.)
Det tok jo litt tid, som eg var inne på i forrige innlegg. Hadde tenkt å laga dei sjølve, sidan eg jobbar i industrien og har høve til denslags. (Men har jo ikkje kome så langt. Endå.)
Den midlertidige løysinga vart ein tur på IKEA i fjor haust, der eg raska med meg eit par særs rimelege, Hay-inspirerte, pulverlakkerte føt(ter).
Dør+føt+skrumaskin = nytt spisebord.
Dørspeglane ("pynterutene" på døra) dekka eg med ein bit pleksiglas og to galvaniserte stålplater med laserskåren hovudskalle (min eigen design!) for å få ei jamnhøg bordplate. Stålplata fungerar óg som bordskånar for heite middagsgryter.
Enkelt og greit og mykje skryt å få:) Til og med frå mamma.
Og med fine, gamle skulestolar frå Brukt´n vart det riktig bra tykkjer eg:)
Kva synest du?

Nytt liv for gamal kjøkkendør :)
Spraymalt lysestake og blomsterpotte laga av hermetikkboks+fint Blafre-papir

Ein gong må vera den første...

Idag har eg stige over ein høg dørterskel....laga meg ein eigen blogg.
Det hadde eg ikkje trudd for eit år sidan:) men etter å ha lest fleire og fleire bloggar oftare og oftare kom tanken om eigen blogg snikande.. Og med ei stadig aukande interesse for interiør etterkvart som eg "bur meg inn" i huset mitt (på tide kanskje, etter over 6 år...), kjenner eg at det kanskje kan vera kjekt med ei dagbok over både inspirasjon frå andre og kva eg har fått gjort sjølv.
Kanskje eit lite dytt i ryggen óg, for å fullføra mine eigen små og store prosjekt.
Eg er nemleg flink å starta på både eitt og hitt, men det manglar av og til ofte den siste innsatsen...det vert som regel ferdig, men tek litt lenger tid enn kva eg først har tenkt :)
Sånn som med dette innlegget. Eg har hatt det i bakhovudet i over ei veke frå eg registrerte bloggnavn og adresse. Men det var denne hersens høge terskelen då....å skriva blogg...eg veit om minst eit par som sikkert flirer i skjegget no...men ein lyt av og til prøva noko nytt.
Så her er eg..

Litt te i Pippikoppen :)
Eg fekk denne og 3 andre i "kolleksjonen" til jul hjå Finasen, dei er frå Kitch´n :)