mandag 16. desember 2013

Comeback og "gje-vekk"...

Såh...her går det lenge mellom kvart innlegg gitt..!
Ikkje fordi det ikkje har skjedd noko i heimen, eller fordi eg ikkje har idéar og halvskrivne innlegg klare i hovudet...eg gjekk kanskje i "sosiale medier"-fella, instagram er jo mykje lettare ;)
Kva har så skjedd sidan sist?
Musikkfestivalar, jobb, maaange FaceTime-samtalar, sommarferietur, Thanksgivingtur...
Ingen store (og heller ikkje så mange små) innkjøp i heimen, fordi eg har spart alt anna enn feriepengar til eit eventyr, som slettes ikkje er langt unna....mange av dekå veit allereie at eg har sagt opp jobben og skal flytta til Tucson, Arizona på nyåret!! :)
Der står det ei leilighet og ventar på meg og piloten, me skal jamen meg verta sambuarar :)
Det har vel kanskje gått litt fort i svingane, men av og til må ein berre hoppa i slike sjansar med begge beina :)
Kan henda denne bloggen får (endå ein) pause, i og med at eg må flytta frå Pepperkakehuset for ei stund, eller kanskje eg postar her.....det har eg ikkje heilt bestemt meg for endå...reisebrev frå Amerika vert det iallefall, keep an eye out for it :)




Ei av bi-effektene ved å ha ein kjærast på eit anna kontinent er at det vert ein del reising.
I vårt tilfelle har det vore mest praktisk at det er eg som reiser. Passar meg utmerka i grunn :)
Utanom lange layovers på trasige flyplassar... :/ Eg har vore mykje i USA, men sjeldan på same plass fleire gonger. I år derimot, har eg vore 4 turar til Texas, nærmare bestemt Wichita Falls.
Reaksjonen i passkontrollen er som regel "why?!", då det er ein ganske liten og "de-sentralisert" by, men eg har trivdes veldig godt, og har møtt utruleg masse kjekke folk- både nordmenn i "luftforsvars-eksil" og ekte "hey ya´ll southeners" :)
Det vert spanande å sjå kva ørkenen i Arizona har å by på!

Å måtte setja seg på flyet og reisa heim åleina (4 gongar!) er skikkelig kjipt, men då eg kom heim frå min siste tur sto det ein pakke og venta på meg :)
Herlege Eva frå Amundsen Spesial i Haugesund hadde sendt meg ei nydelig innpakka øskje med "Mulled Wine" og "Strawberry & Clotted Cream Biscuits" frå Whittard!
Amundsen Spesial var ei av dei flotte lokale bedriftene me vart kjende med på bloggtreffet Sommerkos i Haugesund i juni; dei har butikk i Skippergata 5, og nettbutikk her.





"Mulled Wine" er ein skikkelig god te i pulverform, og som navnet tilseier har den eit hint av gløggsmak (krydder altså...) og den er passeleg søt :) Kjeksa er også søte; typiske engelske "tea&biscuit"-kjeks med jordbær.
Which brings me to...poenget i innleggtittelen:  ein give-away :) Eg fekk nemleg dobbelt opp med både te og kjeks, og du kan få halvparten!
Passar ypperleg til ein kveld i sofakroken ilag med kjærasten (som er heima på juleferie, hurra!), foreksempel med handball-VM på fjernsyn - noko som alltid får meg i julestemning!

For å vera med i lotteriet må du gjera følgjande:
Lika Amundsen Spesial på facebook, link her , legga deg til som følgjar av bloggen min (og gjerne på Instagram : pippiogpepper ), og til slutt skriva ein kommentar til innlegget, med ditt favoritt-/drømmereisemål :) Eg trekkjer ein heldig vinnar om ei veke, på sjølvaste veslejulafta :)

Ha ein finfin kveld folkens, no er det maks avslapping og kos resten av kvelden! :)










4 kommentarer:

  1. Mmmmmmm teen hørtes døds god ut :) lag gjerne ein kopp til meg på lørdag, so kan eg nyte den samtidig som eg drømme meg inn i ditt eventyr i Texas.... Sommeren alltid har vore ein plass eg kunne tenkt meg å reise :D

    SvarSlett
  2. syns no storesøstå kan få te og kjeks utan a lika ;) har no lyst te Australia eg...

    SvarSlett
  3. Nam! Jeg elsker teen fra Whittard, så denne vil jeg gjerne ha! Favoritt-reisemålet mitt er Usa, og drømmereisestedet er Australia. <3 Full pott på meg!

    SvarSlett