onsdag 29. mai 2013

I farta...!

På sjølvaste 17.mai reiste eg ein "svipptur" til Texas på ei vekes overraskingsbesøk til gode venner, svinga innom Oslo på vegen heim for å gå på P!NK-konsert med storesøster, og til helga er det jamen meg utfart til Haugesund og "Sommerkos på Haugalandet" i regi av Fabelaktig og MittSitt ! Puh!

Eg reiste frå 5-6 grader og småregn i Bergen til (på det meste) 41 grader og steikande sol i Wichita Falls- vaaarmt! Me unngjekk heldigvis tornadoane som herja i Oklahoma forrige måndag, berre ein god times køyring unna, men fekk ei heftig hagleskur med golfballstorleik over oss. Og så var det tilbake til 35 grader og sol igjen, sprøtt altså!
Det vart ikkje så mykje interiørshopping der borte, både på grunn av plassmangel i reiseveska og budsjettet, men litt bling-bling og nokre nye kjolar fekk vera med meg heim :) No er vel ikkje Wichita Falls kjent som ein stor interiørshoppingsby heller då, så...
Det vart meir av trening (!), lunsjing og deiging ved bassenget...:) Har vorte solbrent fått bikiniskille :)


Min leigebil, ein finfin Chevrolet Malibu. Og den finfine Chevrolet Camaro SS´en i bakgrunnen har eg også fått køyra:)

Eit par småting plukka eg med meg på ein snartur innom Target ilag med "naboen" i Texas; ein 2pakning med clipboards med fantastiske mønster i rosa og blå og masser av blanke ark og eit stort duftlys i boks "It´s not me, it´s blue". Synest det lukta friskt av nyvaska klede då eg først tok det med meg, men no er det nesten så det er meir "mannelukt" av det....men ein mann i nyvaska klede er ei heilt grei lukt for meg altså!:)





Heller ikkje i Oslo vart det noko shopping, dels grunna at eg var steintrøtt og prioriterte soving medan eg venta på at storesøster skulle fly over fjellet og dels grunna at me heller ville nyta mat, øl og god gamaldags peoplewatching :) P!NK-konserten var knallbra, den dama kan underhalda!

Vel heime i Bergen var det til mi store glede vorte vår sommar :) Varmt og fint i vêret, bøkehekken har gått frå brun til gnistrande grøn, bjørka har sprett lauv og hagen strålar i grønt, lilla og gult:)

Berre eit par dagar til no, so brakar det laus i Haugesund, gleeedar meg :)


2 kommentarer:

  1. Hei hei, ja det er rosa bobbler;) ;) gleder meg til å hilse på deg!! Følg gjerne bloggen min , er du på instagram? Mvh karianne

    SvarSlett
    Svar
    1. Ååå, eg elskar rosa bobler:) Har lagt meg til som følgjar hjå deg, er ofte inne og les, men gløymer å leggja meg til.. :O Ja eg er på instagram, du finn meg på @piggtorn
      Sjåast snart :)

      Slett