Viser innlegg med etiketten haugakos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten haugakos. Vis alle innlegg

søndag 9. juni 2013

Søndag i sofaen

Wow, denne veka har vore lang og kort på same tid, fylt til randen med lange arbeidsdagar, festivalfrivilligmøte, gebursdag, ærend, mc-delar-handel, hagearbeid, overnattingsbesøk og store mengdar champagne! Ganske travelt, men for det meste kjekt:)
Lite blogging då, frå forrige helgs bloggtreffbonanza i Haugesund, so her kjem det..! Eg er litt sånn når eg er på reise og/eller har vore med på noko begivenhetsrikt (og bloggtreffet var jo begge delar!) so må eg få det litt på avstand før eg "kan" fortelja om det...kuforten må berre stå litt i hjørnet, nye innkjøp må ligga og godgjera seg litt og opplevingane må få setja seg litt i sjel og sinn. No treng det som regel ikkje å gå ei heil veke, men det har som sagt vore travelt :)
Dessutan veit eg at stort sett alle dei 49 andre som var der har referert ganske godt ;)



Eg lesser ut nokre av bilda eg tok i farta, nokon er mobilbilder og andre "skutt frå hofta" så kvaliteten er deretter:) Eg må berre få sagt WOW til Maia, Karianne, Anett og Lotta som har stått bak eit knallbra opplegg frå ende til annan! Alt frå ein heilt fantastisk location heima hjå Karianne, skyss med ein fantastisk veteranbuss, nydeleg tapas levert av Ingrid Marie Widvey, interessante gjestar og sponsorar, til ein heil stabel med fantastiske goodiebags og generelt DIGG stemning :)
Eg møtte so mange herlige damer i løpet av helga, kjempegøy! Eg var litt smånervøs når eg sette meg på Kystbussen og reiste åleina nedover til Haugesund...å reisa åleina er ikkje noko skummelt, men når anledningen for turen er å tilbringa helga med 50 damer, vert eg litt nervøs ja.. Eg er van med å omgås større eller mindre mengdar med mannfolk, sidan eg jobbar i industrien, så denne settingen var uvant for meg- og ikkje kjende eg nokon heller (utanom Kristine)!!
Så her kjem og ein stor tusen takk til Liv/Snuskebassa og Elin/Prinsesse Elin for at dei tok så godt i mot meg då ein del av damene møttes på fredagskvelden, og for å "henga med meg" på ein mini-shoppingrunde før bloggtreffet starta!
Til Vicky/LivingFourSeasons, Kristine/DrømmenOmBadekar, Veronica/I Vinduskarmen for champis på bussen, ei aldeles strålande byttegåve og generelt humørboost, og fine Susanne/HusPåRophus då...me dansa heilt fram til stengetid, og eg hadde gnagsår på tærne; gøy!!
Og alle de andre fine, sprudlane damene, tusen takk for ei BRA helg, eg er so glad for at eg hoppa i det, utfordra storforsamlingavdamerskrekken min og reiste, jaaadå :)

Bilder frå goodiebags kjem i neste post, her er litt utvalgte snapshots... :)
Ha ein fin søndagskveld :)
Og Mari Ann/The Folding Chair : takk for koselig kompliment og bilde på bloggen din :)

Den skjønnaste bussjåføren frakta oss nokså høglydt, men ganske trygt fram til Viksemarka :)




Kristine Vikse sponsa goodiebagen vår og viste oss sin siste kolleksjon, lekkert!




Fine Cathrine frå Bryllupsbyraaet
Eg og Sandra/Nystalgisk matcha ganske bra :)




Legg deg gjerne til som følgjar på bloggen min og på instagram (brukarnamn piggtorn)
:)

fredag 31. mai 2013

Reiseklar:)

Då var kofferten pakka igjen! Denne gongen er det ein litt kortare tur, men eg har visst nesten lika mykje i bagasjen som når eg reiste til Texas...;) men berre nesten, er plass til litt shopping og:) 
Turen går som nemnt til Haugesund og "Sommerkos på Haugalandet", og no gledar eg meg årntli årntli :) (jepp, 2 gonger!) 
Fabelaktig-Maia "utfordra" oss til å blogga outfiten til laurdagskvelden, og eg trur det vert "gull og grøne skogar" for min del...:) 



Bør kanskje sjekka kor stillettvenleg hagen til Karianne er før eg tek stillettane på meg?:)

Me sjåast snart damer!

onsdag 29. mai 2013

Åt skogen...

Idag har eg og storebror gått laus på litt av jungelen utanfor huset mitt, også kalt "hagen".
Han var så grei at han klypte plenen igår, utan oppfordring (det pleier han faktisk å gjera heilt av seg sjølv!) og idag var han ryddemannskap medan eg hang i tretoppane og saga greiner.
Naboen spør meg ein million fleire gonger kvar vår om ikkje eg kan "ta ned de greinene på min side av gjerdet" og eg seiar at jaudå, det skal eg nok få gjort... Idag gjekk me grundig til verks for å sei det sånn.
Det var ikkje snakk om å snippa av ei grein her og der, nei det vart saga ned små tre frå trea...sort of.... Så no er forhåpentligvis nabokona nøgd ei stund, eg har fått eit nytt fjell av ved og greiner eg må få kvitta meg med...og eg trur jamen meg eg kjem til å få meir sol inn på verandaen min også:)
Men eg ønskjer meg ein gartnar eller arborist (er det ikkje det desse tre-doktorane heiter?) som kan gjera ting slik det skal gjerast, for her er det hobbygartnar på høgt nivå.. :)

Uansett, ting vart gjort, resultatet er godt nok og eg gledar meg endå litt meir til Sommerkos på Haugalandet! Har høyrt nyss om at det er basseng i umiddelbar nærleik til festivitasen, stemmer det??:)


I farta...!

På sjølvaste 17.mai reiste eg ein "svipptur" til Texas på ei vekes overraskingsbesøk til gode venner, svinga innom Oslo på vegen heim for å gå på P!NK-konsert med storesøster, og til helga er det jamen meg utfart til Haugesund og "Sommerkos på Haugalandet" i regi av Fabelaktig og MittSitt ! Puh!

Eg reiste frå 5-6 grader og småregn i Bergen til (på det meste) 41 grader og steikande sol i Wichita Falls- vaaarmt! Me unngjekk heldigvis tornadoane som herja i Oklahoma forrige måndag, berre ein god times køyring unna, men fekk ei heftig hagleskur med golfballstorleik over oss. Og så var det tilbake til 35 grader og sol igjen, sprøtt altså!
Det vart ikkje så mykje interiørshopping der borte, både på grunn av plassmangel i reiseveska og budsjettet, men litt bling-bling og nokre nye kjolar fekk vera med meg heim :) No er vel ikkje Wichita Falls kjent som ein stor interiørshoppingsby heller då, så...
Det vart meir av trening (!), lunsjing og deiging ved bassenget...:) Har vorte solbrent fått bikiniskille :)


Min leigebil, ein finfin Chevrolet Malibu. Og den finfine Chevrolet Camaro SS´en i bakgrunnen har eg også fått køyra:)

Eit par småting plukka eg med meg på ein snartur innom Target ilag med "naboen" i Texas; ein 2pakning med clipboards med fantastiske mønster i rosa og blå og masser av blanke ark og eit stort duftlys i boks "It´s not me, it´s blue". Synest det lukta friskt av nyvaska klede då eg først tok det med meg, men no er det nesten så det er meir "mannelukt" av det....men ein mann i nyvaska klede er ei heilt grei lukt for meg altså!:)





Heller ikkje i Oslo vart det noko shopping, dels grunna at eg var steintrøtt og prioriterte soving medan eg venta på at storesøster skulle fly over fjellet og dels grunna at me heller ville nyta mat, øl og god gamaldags peoplewatching :) P!NK-konserten var knallbra, den dama kan underhalda!

Vel heime i Bergen var det til mi store glede vorte vår sommar :) Varmt og fint i vêret, bøkehekken har gått frå brun til gnistrande grøn, bjørka har sprett lauv og hagen strålar i grønt, lilla og gult:)

Berre eit par dagar til no, so brakar det laus i Haugesund, gleeedar meg :)