lørdag 4. august 2012

For eit påfunn...



...sa mamma når eg sa kva eg hadde tenkt å gjera med den gamle kjøkkendøra mi.
Den reiv eg av hengslene for lenge sidan (ikkje heilt bokstaveleg sjølvsagt, sjølv om eg er sterk..) fordi det vart så grueleg kronglete å gå frå stova til kjøkkenet. Eller kronglete og kronglete fru Blomquist, det var no forsovidt berre å opna døra og gå inn, men ho sto som regel open og då såg eg ikkje heilt poenget i at ho skulle henga der og ingenting fornuftig gjera. Så eg tok ho som sagt vekk, og hadde ho ståande oppetter veggen i gongen på bakrommet ei stund, fordi eg skulla laga meg nokre fine føt til ho.
(Føt=føtter på byspråk forresten.)
Det tok jo litt tid, som eg var inne på i forrige innlegg. Hadde tenkt å laga dei sjølve, sidan eg jobbar i industrien og har høve til denslags. (Men har jo ikkje kome så langt. Endå.)
Den midlertidige løysinga vart ein tur på IKEA i fjor haust, der eg raska med meg eit par særs rimelege, Hay-inspirerte, pulverlakkerte føt(ter).
Dør+føt+skrumaskin = nytt spisebord.
Dørspeglane ("pynterutene" på døra) dekka eg med ein bit pleksiglas og to galvaniserte stålplater med laserskåren hovudskalle (min eigen design!) for å få ei jamnhøg bordplate. Stålplata fungerar óg som bordskånar for heite middagsgryter.
Enkelt og greit og mykje skryt å få:) Til og med frå mamma.
Og med fine, gamle skulestolar frå Brukt´n vart det riktig bra tykkjer eg:)
Kva synest du?

Nytt liv for gamal kjøkkendør :)
Spraymalt lysestake og blomsterpotte laga av hermetikkboks+fint Blafre-papir

6 kommentarer:

  1. I like! Spesielt hodeskallen. Den var utrolig søt! <3

    SvarSlett
  2. Takk:) Den dukkar nok opp her og der..:) Har den på dørskiltet mitt og:))

    SvarSlett
  3. steikje fint bord Åshild. og kjempeflott blogg.YNskje deg god tur til fjells neste helg, rekna me du ska på sauesånking. ha ein fin laurdag. helsing frå sogn

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det, kjekt at skribleria fell i smak:) Ja det vert sannsynlegvis ein tur til fjells på ulldottjakt, kva med deg??
      Ha ein finfin måndag:)

      Slett
  4. drit kult åshild...me like it
    love tess

    SvarSlett