Det hadde eg ikkje trudd for eit år sidan:) men etter å ha lest fleire og fleire bloggar oftare og oftare kom tanken om eigen blogg snikande.. Og med ei stadig aukande interesse for interiør etterkvart som eg "bur meg inn" i huset mitt (på tide kanskje, etter over 6 år...), kjenner eg at det kanskje kan vera kjekt med ei dagbok over både inspirasjon frå andre og kva eg har fått gjort sjølv.
Kanskje eit lite dytt i ryggen óg, for å fullføra mine eigen små og store prosjekt.
Eg er nemleg flink å starta på både eitt og hitt, men det manglar
Sånn som med dette innlegget. Eg har hatt det i bakhovudet i over ei veke frå eg registrerte bloggnavn og adresse. Men det var denne hersens høge terskelen då....å skriva blogg...eg veit om minst eit par som sikkert flirer i skjegget no...men ein lyt av og til prøva noko nytt.
Så her er eg..
![]() |
Litt te i Pippikoppen :) Eg fekk denne og 3 andre i "kolleksjonen" til jul hjå Finasen, dei er frå Kitch´n :) |
Jeg heier på deg! (og følger ;) )
SvarSlettTakk for heiing snille du:)
SlettDu dukkar ikkje opp i lista som følgjar då..., har eg gjort noko gale der kanskje?